IMG_0216_edited.jpg

ÅRA 2000 -2008

Av Borgny Slettemoen Tøfte

Motbakkar, pengevanskar og vegen vidare

Hausten 2000 tok underteikna over som leiar av Seljord kunstforening. Dåverande leiar, Esbjørn Hummelgård, flutte frå bygda. Det var med ei viss spenning eg tok over sidan sommarutstillinga dette året vart utsett for uvanleg sterk kritikk og hard motbør. Årsaka var, som nemnt ovanfor, at vi mellom anna hadde stilt ut kunstverket «Kjærlighet fra Gud» av den kontroversielle kunstnaren Moren Viskum.

Mykje fin kunst kom i skuggen av diskusjonane denne sommaren, m.a. ei større samling ekte, russiske ikon. Eit ikon med Maria og barnet som motiv vart kjøpt inn til Seljord kyrkje. Våre russiske vener som hadde kome hit med ikona, var ikkje lite forundra over kunsten til Viskum – og Unni Askeland sine bilete, som både i form og innhald låg fjernt frå ikona. Det vart ingen publikumsrekord denne sommaren.

Som nemnt var det ei vanleg oppfatning at dette var siste Sommarutstillinga. Men vi som sat i styret, ville halde fram. Den verste stormen var over, og det var ingen grunn til å dra inn årene. Så snart gjekk vi i gang med å planleggje neste års utstilling.

 

I katalogen for Sommarutstillinga 2001 skriv vi mellom anna dette: «Kunstforeininga har vore ute i hardt vêr, men likevel hevdar vi framleis at Sommarutstillinga er den viktigaste kulturhendinga i Seljord – som vi med dette inviterer til. I 14 ulike rom finn du samtidskunst, kunsthandverk, foto og husflid  forutan boksal og sal av kunst ‘rett frå vegg.’»

I alt deltok tjue kunstnarar og handverkarar: John Søraune, Svein Bolling, Liv Dessen, Jørgen Dobloug, Philipp Dommen, Torhild Grøstad, Niclas Gulbrandsen, Jon Gundersen, Rudi Juchelka, Morten Magnus, Elisabth Medbøe, Britt Juul, Knut Bry, August Ringmann, Kari Vevle, Astrid Nondal, Jan Petter Bratsberg, Kristin Bergaust, Johanne Hansen-Krone og Olav Bjørgum.

 

Vi innførde «onsdagskonserten», i  alt fire konsertar: éin med folkemusikk og dans, og tre klassiske konsertar med utøvarar som Øyvind Bangor, Keith Griggs, Gunn Steinstad og Ragnhild Knutsen, og Skien klavertrio.

 

Fleire bein å stå på

Kassa var meir enn slunken så me måtte finne på noko som kunne gje pengar på konto også utanom Sommarutstillinga. Eitt tiltak var å arrangere juleutstilling. Dei fylgjande åra heldt vi til i den minst kalde delen av låven, men flytta så over til Dalane-skulen på Dyrskuplassen. Husflidsvarer/kunsthandverk samt måleri og grafikk som ikkje var altfor krevjande, gav god utteljing. Vi selde også ein del av «lauskunsten» dvs. dublettar av kunstverk i samlinga, men mest uinnramma grafiske trykk.

Seljord kunstforening har gjennom åra skaffa seg ei kunstsamling på 4-500 verk. Ettersom det har vore vanskeleg med god lagerplass, er mykje av samlinga blitt lånt ut. Dette var det viktig å få registrert. Kunst som av ulike grunnar hadde hamna i andre kommunar, vart henta tilbake. Dei som var interesserte i framleis å låne, fekk det mot ei viss årleg leige. Den største låntakaren var og er kommunen – som slepp å betale leige som takk for annan hjelp og støtte.

 

Loppemarknad i samarbeid med Seljord mållag gav òg pengar i kassa i mange år. Me brukte det største rommet øvst i låven. Når sommaren var over, kunne det brukast som lagerrom for møblar o.a. som blei innlevert.

 

Kunstnarisk råd eller eigenrådig?

Gjennom åra har styret i kunstforeininga stort sett nytta seg av eit kunstnarisk råd, men ikkje alltid fullt ut. Nokre kunstnarar kontakta vi etter eige skjøn og kjennskap. Philipp Dommen, Torhild Grøstad, Kristine Brodersen og Gunnar Torvund har vore blant dei mest trufaste rådgjevarane. Då dei syntest dei hadde fungert lenge nok, hadde vi eit par år andre råd før dei «gode, gamle» kom att.

 

Dette fyrste tiåret i det nye tusenåret heldt vi oss stort sett til den gylne middelvegen med å invitere anerkjente kunstnarar innanfor måleri, grafikk og skulptur. Vi byrja så smått å syne videoar. Det vil føre for langt her å nemne alle kunstnarane som stilte ut hjå oss dei fyrste åra i denne perioden. Eitt år inviterte vi berre svenskar og danskar, eitt anna år søkte vi nordafjells og hadde mange trønderske kunstnarar, og så kom «Gjest frå vest». «Par i kunst» var ti ektepar som fylde kunstlåven ein sommar, mens «Ord tek form» var tittel på Sommarutstillinga der kjende illustratørar vart inviterte.  

 

Kulturpris og nytt tak

Ved å vere uhyre sparsame og forsiktige med pengebruken, kom vi relativt raskt på fote att økonomisk. Medlemstalet vaks, fleire og fleire kom på opninga kvar sommar – og sanneleg – i 2003 fann Seljord kommune og Seljord sparebank oss verdige til å få kulturprisen. Det var stor stas etter alt som hadde hendt.

Hausten 2001 regna det frå Dyrsku’n til jul. Det lak gjennom taket fleire stader, og vatn sildra nedover i etasjane. Noko måtte gjerast, men vi mangla pengar, og kunne ikkje ta opp noko stort lån. Finansieringa måtte dels skje ved hjelp av tilskott. 

Etter søknad fekk vi støtte frå både Norsk kulturråd, Seljord kommune og Norske kunstforeninger. Nokre kroner hadde vi òg sjølve, og Seljord sparebank var viljuge til å låne oss resten av beløpet. Kostnaden vart sett til 300.000 kroner. Veidekke AS tok på seg jobben etter anbod. Nytt tak vart lagt oppå det gamle; rett nok blei det heile eit halvt år forsinka, men entreprenøren tok på seg å tette dei verste hola så lekkasjen skulle bli minimal i ventetida.

 

Taket på plass - kva no? 

I tredje etasje var det berre hønsehuset og høyrommet vi brukte til utstilling. I rommet ved sida av hønsehuset var det kateter og pultar frå ein av dei nedlagde skulane frå Seljordshei. Her hadde me teikneutstyr for barn som kom på utstilllingane. Det var Sigurd Telnes som i si tid fekk i oppdrag frå kommunen å ta vare på inventaret frå skulen på Dalan. Det mindre rommet til høgre for trappa opp til toppetasjen var lagerrom for «lauskunst», bøker o.a.

I andre høgda var fjøset, grisehuset og vaskerommet – det «lange, høge rommet» og vognskjulet i bruk. Vognskjulet var reservert for husflid og brukskunst. Ein stall burde vore reingjort og sett i stand, men fekk vente.

I første etasje, på innsida av siloen, var det inngang/resepsjon. Innanfor dagens inngang var den tidlegare møkkjellaren – som kunne brukast til utstilling. Her var inngang til slakteriet, som no er kjøkken. Ein tett blautgjødselkum var enno ikkje gjort noko med.

WC lånte vi i ungdomsskulen, og kaféverksemd leigde vi enno rom til på Misjonshuset. Dette var sjølvsagt ei tungvint ordning, så det vart nødvendig å pønske ut nye løysingar. Det var på høg tid å få eige kjøkken, serveringsrom og toalett. Den ubrukte delen av låven var no den nedre, synste delen, dvs. gjødselkummen, forutan det store rommet med utgangsdør på nedsida, som husmorskulen hadde brukt som slakterom.

Ei ombyggingsnemnd med Jørund Ofte, Phillip Dommen, Knut Ansgar Skrede, Tone Telnes – samt Frøydis Kivle og underteikna frå styret – sette i gang med undersøkingar og utrekningar. Utbygginga blei kalkulert til 600.000 kroner.

Igjen var vi heldige og fekk støtte både frå Norsk kulturråd, kommunen, fylket, banken og Norske kunstforeninger. Litt pengar hadde vi sjølve, og med eit mindre lån skulle det gå bra. Men det skulle snart vise seg at ombygginga var meir komplisert enn vi hadde tenkt oss, spesielt vart det eit problem med gjødselkummen som hadde heile, tette betongvegger, og einaste opning var uttak for tøming direkte til tank. Dei tjukke veggene var fylt med kulestein – som var uhyre vanskeleg å bore gjennom. Då kummen omsider var klar for tøming, stoppa prosessen opp ganske snart pga. all den grove steinmassa som sette seg fast i tømmeslangen. Større bil med større slange vart bestilt.

    

Det viste seg også at det var store nivåskilnader mellom golvet i gjødselkummen og dei andre romma. Det var i tillegg eit problem å få rett fallhøgde for vatnet frå kjøkkenet, vaskerommet og wc og ut til det kommunale leidningsnettet.  

Men vi kom i mål– ikkje minst med god hjelp av Knut Ansgar Skrede, som fylgde med som «byggherre» og hjelpte til under heile ombyggingsperioden. Budsjettet sprakk med 300.000, ikkje pga. sløsing, men uføresette hindringar. Det var stort då vi på opningsdagen i 2002 kunne servere feitegraut kokt på eigen komfyr i eige kjøkken – godkjent av mattilsynet!

Som før nemnt hadde me ikkje flust av pengar, så det var ei lykke at det fanst ein del  kjøkkenutstyr frå den tid me dreiv kafé i kjellaren på ungdomsskulen – resten vart kjøpt på vårsal på Porsgrunn Porselen. Bord og stolar fekk me i arv frå ungdomsskulen.

Dei følgjande åra vart resten av romma tekne i bruk som utstillingsrom, og det store låverommet i tredjeetasje vart dels ombygd og teke i bruk til lagerrom – for alt frå spiker og skruar til arkiv og kunstsamling. Det høyrer med til soga at vi etter kvart tok i bruk «Kunstlåven» som namn, og at bygget vart godkjent som regionalt kulturhus. 

 

Tradisjonar

I tråd med føremålsparagrafen for laget har Seljord kunstforening drive på eit breitt grunnlag og ikkje berre konsentrert seg om biletkunst. Difor heldt vi fram med å skipe til konsertar i Kunstlåven under Sommarutstillinga, Likeeins skipa vi til turar i nærmiljøet til stader det knyter seg ymse slag kulturhistorie til. Dette var til stor glede for mange.

Det er ei viktig oppgåve å formidle kunstopplevingar til barn og unge, og så lenge kunstforeininga hadde sin faste base i  ungdomsskulen, var elevane der vane med kunst på veggene i aulaen. Vi held fram med å bruke aulaen til å lage mindre utstillingar med utvalde bilete frå den faste samlinga. Likeeins hadde vi i mange år Telemarksutstillinga der.

Då ordninga med «Den kulturelle skulesekken» kom fyrst på 2000-talet,var vi raske med å søkje om midlar til omvising for alle elevane i kommunen. Dermed vart det mogeleg å forlenge Sommarutstillinga utover dei fire vekene som hadde vore vanleg, slik at skuleelevane fekk omvising på Sommarutstillinga ein av dei fyrste skuledagane om hausten. Greier vi å vekkje kunstinteressa hjå barn og unge, er Seljord kunstforening liv laga i mange år framover.

Frå Gjest frå vest, sommarutstillinga i Seljord Kunstforening i 2008, verk av Torunn Skjelland