sommarutstillinga_2018_06.jpg

80-TAL OG TIDLEG 90-TAL

Av Peter Fjågesund

Sigurd Telnes var leiar i kunstforeininga i heile atten år, frå starten i 1968 til 1986, med unnatak av eitt år (1979), då Terje Grøstad tok over vervet. Det er knapt noko overdriving å seie at desse åra må reknast som glansperioden til foreininga, og Telnes var ikkje aleine. Lokale kunstnarar som Terje og Erlend Grøstad, Knut Flatin og Gunnar Torvund gjorde ein stor innsats med omsyn til val av kunstnarar og opphenging og presentasjon av utstillingane. Særleg var nok kontaktflata Terje hadde blant kunstnarar landet rundt viktig dei fyrste åra. Men bak desse fanst eit heilt korps av frivillige – lokale så vel som tilreisande, som kom att år etter år for å hjelpe til. Nemnast bør òg sekretærane – særleg Astrid Sveinsson og Margretha Raaen – gjennom fleire av desse åra.

Frå 1975 og frametter hadde Sommarutstillinga kvart år svært kjende namn som hovudutstillarar: Harald Kihle (1975), Kai Fjell (1976), Henrik Sørensen (1977), Ørnulf Bast, Torbjørn Egner og Erkki Tanttu (1978), Erik Werenskiold (1979), Harald Kihle (1980), Halfdan Egedius (1981), Erling Enger, Kai Fjell og Henrik Sørensen (1982), Olaf W. Isachsen (1983) og Christian Krogh (1984). I 1985 baud Sommarutstillinga på ei stor temautstilling om «Ungdomsmotiv i norsk kunst» og i 1986 på «Skogen i norsk kunst». I tillegg til hovudutstillingane inneheldt kvar av sommarutstillingane òg ei stor samtidskunstutstilling, som fylte mest heile det store kjellarlokalet og delar av hovudetasjen. Deltakarane her fekk i mange år fullt utstillingsvederlag, noko som gav dei poeng ved opptak til kunstnarorganisasjonane. Andre viktige element i Sommarutstillinga var ei kulturhistorisk utstilling, og andre mindre temautstillingar, som t.d. norske avisteiknarar, frimerke, knivar osb. 

 

Ikkje berre biletkunst

Ved sida av denne drifta, som òg inkluderte kunstforeininga sin målarklubb, som blei driven av Erlend Grøstad, heldt ein fram med å arrangere separatutstillingar gjennom resten av året. I røynda hadde Seljord kunstforening i desse åra eit aktivitetsnivå som svarte til eit middelstort moderne kulturhus. Og det var ikkje nok med at foreininga skipa til tallause utstillingar, konsertar og programkveldar. Eit viktig tillegg til all den andre aktiviteten var forlagsverksemda som kunstforeininga dreiv gjennom mange år. Nokre verk, som praktboka Grafikk‒Lyrikk (1974), som inkluderte eit førtitals diktarar og biletkunstnarar, blei utgitt saman med Noregs Boklag. Det same galdt den store faksimileutgåva av Rikard Berge sitt verk frå 1925, Norskt bondesylv, som kom ut femti år seinare, i 1975. Same året kom òg heidersskriftet til Harald Kihle sin 70-årsdag: Harald Kihle, også dette i samarbeid med Noregs Boklag. 

Dei fleste bøkene kom likevel ut i regi av kunstforeininga sjølv, og var trykte hjå Bø Trykk ved Arne Pettersen, som var ein ivrig støttespelar til kunstforeninga. Her blei òg katalogane trykte gjennom mange år, eit arbeid som Terje Grøstad var hovudansvarleg for.  I 1982 ga foreininga ut Halvor J. Sandsdalen si Hundre folkeminne frå Seljord, med teikningar av Harald Kihle. Foreininga gav òg ut fleire diktsamlingar av Jon Fjone, ei av Sandsdalen (Ei skål med måneskin, 1992) og ei av Halvor Heldahl (1985). I samband med Kihle sin 80-årsdag i 1985 blei tresnitta hans til Jørund Telnes sin diktsyklus Guro Heddelid trykte i ei praktutgåve der teksten var kalligrafert av Borghild Telnes, og same året kom òg eit nytt heidersskrift til Kihle, Hesteslepp på skisseblokk, i høve 80-årsdagen hans. Året etter kom endå ei praktbok ‒ Årringar ‒ i samband med den store «Skog og Miljø»-utstillinga, som var eit samarbeid mellom Seljord kunstforening og Telemark Tømmersalslag.

Sjølv Seljord kunstforening sin målarklubb gav ut nokre skrifter: i 1986 skreiv Halvor Sandsdalen teksten til Langs Svorteåi: Frå Svartdal til Hjartdal, og i 2001 ga dei ut boka Åmotsdal: Grannelagi mellom Dalemannen og Lepjusdalen, med tekst av Sigurd Telnes, og i samarbeid med Landstadinstituttet og Det norske Samlaget. Båe bøkene var illustrerte med måleri frå medlemmene i målarklubben.

Leiarskifte

Frå 1986 gjekk foreininga inn i ein ny fase. Året før hadde Harald Kihle drege tilbake tilbodet om å donere ei stor samling av ca. 60 eigne måleri, forutan verk av Henrik Sørensen, Halfdan Egedius, Thorvald Erichsen, I.C. Dahl, Erik Werenskiold, Nikolai Astrup, Edvard Munch og Oluf Wold Thorne og Christian Krohg. Grunnen til dette var manglande framdrift i utbygginga av Kunstlåven, som var tenkt å vise samlinga som ein del av foreininga sitt faste galleri. I 1986 gjekk så Sigurd Telnes av som leiar og samstundes som rektor på ungdomsskulen, av helsegrunnar. Dermed blei det eit stykke på veg slutt på den mest symbiotiske koplinga mellom foreininga og skulen. Trygve Barstad tok over leiarrolla, og førte vidare konseptet frå dei to føregåande åra, med sommarutstillingar over tema heller enn einskildkunstnarar. I 1987 var temaet «Kultur og mote», og i nokon grad tydde dette at hovudtstilling og samtidskunstutstilling smelta meir saman. 

 

Frå 1988 tok så Kjell Oskar Selman over som leiar, og han hadde dette vervet fram til hausten 1992, fram til 1991 med Anne Brit Flatin som sekretær. I mest heile denne perioden nytta Sommarutstillinga temakonseptet for hovudutstillinga: i 1988 var temaet «Andlet», i 1989 «Framand», som inkluderte ei større utstilling med Rolf Nesch, i 1991 var temaet «Jord, luft, vatn», og i 1992 «Norsk skulptur». Det er truleg også rett å seie at utstillinga i desse åra la mindre vekt på kulturhistoriske delutstillingar. 

 

I 1988 mista foreininga på ny ei testamentarisk gåve fordi Kunstlåven ikkje hadde kome i drift. Oberst Halvor Heldahl i Bø, som òg åtte verk av m.a. Christian Krohg, I.C. Dahl og andre klassikarar, gav i staden samlinga til Bø kommune, som hadde gjeve han lovnader om eigna plass for bilda. 

Det er heller ikkje mogleg å omtale denne perioden utan å nemne konflikten som utvikla seg mellom det kunstnariske rådet i kunstforeininga og representantar for amatørmålarane i målarklubben. I utgangspunktet handla konflikten om i kva grad målarklubben skulle vere representert på Sommarutstillinga, noko som m.a. kom i konflikt med vederlagsordninga, som galdt juryerte utstillingar. Her hadde m.a. Halvor Sandsdalen, som representant for målarklubben, Kjell Oskar Selman, som både leiar av foreininga og medlem av kunstnarisk råd, og dei andre medlemmane i kunstnarisk råd, forskjellige meiningar. Usemja  varte i fleire år, og hausten 1989 trakk det kunstnariske rådet seg, og fleire av dei profesjonelle kunstnarane gjekk i praksis ut av foreininga. Samstundes fekk målarklubben eigne lokale på Borgen, og flytte verksemda si dit. Denne utviklinga resulterte m.a. i det ein-månad-lange kunstprosjektet «Tuft» på Nes, med Gunnar Torvund som kunstnarisk prosjektleiar, der tretten bilethoggarar frå heile Norden gjekk saman om eit felles skulpturprosjekt. Prosjektet var initiert av «Kunstforum Seljord», som i hovudsak hadde medlemmer frå det tidlegare kunstnariske rådet i Seljord kunstforening, og andre profesjonelle kunstnarar. Kunstforum heldt ei tid fram med eigne utstillingar i galleriet på Nes.

 

Det bør òg nemnast at det i åra kring 1990 gjekk føre seg ein diskusjon om det framtidige vegvalet til foreininga og lokaliseringa av Sommarutstillinga. For det fyrste var det ikkje lenger sjølvsagt at foreininga kunne halde fram med å nytte lokale på ungdomsskulen. For det andre hadde kommunen byrja ein diskusjon om eit større og meir omfattande kulturhus. For det tredje blei det lansert tankar om ei større utbygging på Nes, der kunstforeininga var ein mogleg interessent. Desse planane inkluderte tanken om at kommunen skulle kaupe Kunstlåven frå kunstforeininga mot at foreininga gjekk inn på Nes. Men 25. april 1989 vedtok foreininga å samle ressursane om utbygging av Kunstlåven. Dermed fall dei andre alternative vekk.

 

Då Selman gjekk av som leiar, gjekk foreininga over i ein periode der leiarane skifta kvart år. Under Sommarutstillinga i 1993 var Kari Stokland leiar, og temaet var «Bilete av eit opprør», der m.a. Gras-gruppa (frå 1969‒70) var representert. Året etter, med Peter Fjågesund som leiar, var hovudutstillinga sett saman av arbeid frå avgangsklassa ved Statens kunstakademi. Dette skulle vise seg å bli den siste utstillinga på ungdomsskulen. Då Olav Kvalem tok over, vart utstillinga for 1995 lagt til det nye Granvin kulturhus, med ei «Kunstløype» som i hovudsak var sett saman av samtidskunst. Men utstillinga inneheldt òg dette året ei avdeling som markerte 125-årsjubileet for den franske ballongen som havna på Lifjell i 1870. 

 

Med denne utstillinga var Seljord kunstforening ved enden av det som kunne kallast den fyrste perioden av verksemda si. Det skal ikkje leggast skjul på at dei siste åra av denne perioden var krevjande: mange hadde i svært mange år lagt ned ein enorm dugnadsinnsats i foreininga; slitasjen var stor, og konflikten mellom profesjonelle og amatørar gjorde det vanskeleg å drive like offensivt som før. Det var liten tvil om at det var trong for nye krefter og nye grep.

Johannes Hovda og Peter Fjågesund dekorerar utstillingsveggar. 80-talet.