SELJORD KUNSTFORENING / KUNSTLÅVEN
Brøløsvegen 4
3840 Seljord
Epost: seljordkunstforening@gmail.com
Tlf: 411 39 176 (Tone Henriette Sætervang, styreleiar)
WORKSHOP
Kvardagskunst - Det kjente ukjente
v/ Zoe Eskes
Onsdag 25. august 2021
Kl. 09 - 15, Kunstlåven
Fullteikna

Lat oss kalle det kvardagskunst - trongen i kvardagen me har til å uttrykke oss på eit eller anna vis. Den vesle plassen med seg sjøl der ein kan vere trygg og eksperimentere med ukjent form, material og eigne uttrykk. Uttrykket treng ikkje bli perfekt - det er kanskje heller ein ydmyk kommunikasjon med det uperfekte som leier til nyskaping og som utvidar perspektivet på estetiske objekt.
Hierarkiske tankar om Kunst gjeld ikkje her.
I urkulturar fantest det ikkje ord for kunst, det fantest berre objekt som hadde ein slags sjel i folketrua. Objekt var både vakre og stygge - eller rett ut skremmande. Dei gjorde noko usynleg til noko synleg i oss og hjalp mennesker og samfunn å finne ein felles plass til det som var vanskeleg å akseptere.
Bli med på denne kunstreisa i lag med biletkunstnar Zoé Eskes.
Denne dagen skal me nytte kvardags-material til å lage uttrykksfulle objekt.
Me tar utgangspunkt i Guttormsgårds Arkiv og kvardagsmaterialer - samt korleis ballongen som blåste til Seljord i 1870 muligens blei opplevd av menneska i Sør-Norge som vel aldri hadde sett ein luftballong før...
Til dagleg arbeider Zoé som kunstnar og kulturskulelærar i nabokommunen Bø
For meir informasjon sjå: About – Zoé Eskes (zoeeskes.com)