SELJORD KUNSTFORENING / KUNSTLÅVEN
Brøløsvegen 4
3840 Seljord
Epost: seljordkunstforening@gmail.com
Tlf: 411 39 176 (Tone Henriette Sætervang, styreleiar)
FOREDRAG
Luftballonger og brevduer
v/ Ketil Gjølme Andersen
28. august 2021
Kl 14.00, Kunstlåven
Ope for alle
Inngang kr 80

Ballongar, brevduer og anna militært materiell har lenge vore ei spesiell interesse for historikar Ketil Gjølme Andersen. Han er førstekonservator ved Teknisk Museum i Oslo.
Museet har fleire fysiske restar etter gassballongen Ville d’Orleans, mellom anna ballongkurven og ein loslitt utgåve av trikoloren, det franske nasjonal flagget. Det måtte sjølsagt være med på ferden.
Sjå og les meir om ballongferd og ballongen Ville d’Orleans på Norsk Teknisk Museum sine nettsider. Dei har laga ei spanande forteljing om Noregs fyrste luftferd.