Seljord husmorskule, copyright VTM.tif

DEI FYRSTE ÅRA

Av Borgny Slettemoen Tøfte

Den nye ungdomsskulen og grunnlegginga av foreininga

 

Den som vart tilsett som lærar på den nye ungdomsskulen i Seljord i 1965, kom til ein skule leia av ein rektor, Sigurd Telnes, som var meir enn vanleg oppteken av kunst og kultur. Skuleåret 1962–63 gjekk han på Statens sløyd- og teiknelærarskule på Notodden. Her hadde han utforming av ny ungdomsskule som elevoppgåve, og var på fleire studieturar på Austlandet for å sjå på nye skulebygg. Læraren hans, Ingvar Sundvor, tok del i dette arbeidet. Seinare var Sigurd Telnes med i byggjenemnda for den nye ungdomsskulen i Seljord, og fekk gjennomslag for at undervisningsromma for kunst og handverk – eller formingsfag, som det heitte då – skulle samlast rundt ein aula. Musikkrom, handarbeidssal, teiknesal, keramikkrom, sløydsal  og fotorom ‒ alle med inngang frå aulaen.

Aulaen hadde overlys og store reine veggflater, klare for opphenging av kunst – og elevarbeid. Dei fyrste åra var det Riksgalleriet som hadde utstillingar i aulaen. Ofte fylgde kunstnaren sjølv med utstillinga, og tok med seg klassene til omvising. «Kunst i skolen» og Folkeakademiet hadde også mange kulturtilbod som ungdomsskulen fekk nyte godt av. Gjennom åra var det òg ei lang rekkje konsertar i aulaen, mange av dei i regi av Rikskonsertane, og med dei beste utøvarane av klassisk musikk som Noreg kunne by på. Aulaen kombinerte slik på beste vis funksjonen som galleri og konsertsal.

Dei som starta Seljord kunstforening i 1968 hadde eit godt grunnlag å byggje på. Mange seljordingar var kunstinteresserte og kjende med biletkunst, sidan det gjennom tidene hadde budd mange kjende kunstnarar i bygda. Men sjølve grunnlaget for denne sansen for kunst hang truleg saman med skjønet for godt handverk, rosemåling, veving, treskurd, kubbestolar, skåp o.l., forutan alt slags handverk som gjeld tilverking av bunader for både kar og kvende. Og dette skjønet var og er sterkt i Seljord.

 

Vedtektene for Seljord kunstforening slår fast at «laget skal arbeide for å ta vare på og auke interessa for god kunst og godt kunsthandverk, og freiste å fremja det beste i bygdekulturen ved: utstillingar, gode programopplegg som òg kan nyttast i skulane i kommunen, og å kjøpe inn kunst til Seljord kunstforenings faste samling.» Ein kan seie at kunstforeininga førde vidare dei ideane som Norsk bygdekunstlag var tufta på – og som også hadde hatt eit lag i Seljord. I 1951 skipa Seljord bygdekunstlag til ei stor utstilling med mange kjende kunstnarnamn. Aktive i dette laget var kunstnarparet Nana Kiønig Holm og Ture Holm. Seinare var det Seljord husmorlag som i fleire år skipa til sommarutstillingar på Borgen – med kunst og handverk. Det var saman med eldsjelene i husmorlaget at Seljord kunstforening vart stifta hausten 1968, og den fyrste sommarutstillinga vart planlagd for oppsetjing i ungdomsskulen. Det skulle ikkje bli den einaste!

Glimt frå 1970-talet

 

Kvar sommar sidan 1969 og fram til Kunstlåven kunne takast i bruk på 90-talet vart klasseromma rydda for bord og stolar så snart skulen var slutt, og dører vart hengsla av og stuva bort. Fram kom lause vegger på hjul, og tavler kledde med strie, ‒ alt vart omskapt og klargjort for opphenging og framsyning av kunst og handverk. Og dugnadsgjeng var ikkje berre ein stor del av lærarkollegiet samt kunstnarar og vener av dei, men òg ei lang rekkje andre bygdefolk. Her nyttar det ikkje å byrje å nemne namn! Men kven sa vel nei når Telnes spurde!

Av og til vart eit av klasseromma kledd med fleire hundreår gamle trematerialar. Det kunne vera dreia stolpar frå eit gamalt stabbur, eller fint utskorne portalar frå ei nedriven stavkyrkje. Inne i slike rom skapte kunstnaren Erlend Grøstad ei atmosfære frå farne tider. Det vart stilt ut gamal kyrkjekunst utlånt frå både museum og private samlarar. Frå høgtalarar godt løynde bak veggene tona det gregoriansk kyrkjemusikk, og ein kunne kjenne angen av røykjelse. Når ein steig over dørstokken inn til eit slikt rom, var det som å gjera ei reise fleire hundre år attende i tid.

 

For oss som hadde vårt virke på Seljord ungdomsskule, anten som elev eller lærar, var det eventyrleg å sjå korleis dei noko sjellause og sterile klasseromma kvar sommar vart fylde med kunst frå gamle og nyare tider.

 

Det høyrest ut som ei skrøne, men kunstforeininga fekk låne nokre av dei største kunstverka m.a. frå Nasjonalgalleriet for å syne dei på Sommarutstillinga. Sigurd Telnes må ha vore uvanleg tillitvekkjande som fekk det til, og som kunne køyre heim til Seljord med kunsten lasta opp i bilen eller på tilhengjaren sin. Telnes la ned bakseta i stasjonsvogna si og køyrde måleri av mellom andre Kai Fjell, Henrik Sørensen, Erik Werenskiold og Harald Kihle frå Oslo til Sommarutstillinga i Seljord (rett nok måtte han love at det skulle vere nattevakt under heile utstillingstida). Ja, sjølv Tidemand og Gude sitt ikoniske måleri «Brudeferden i Hardanger» har hange i aulaen på ungdomsskulen!

    

Sigurd Telnes og medhjelparane hans visste elles vel kven som hadde dei finaste eksemplara av kubbestolar, kronesenger, utskorne hyller, dørkarmar, dører, kjenger, korger, teppe og sylvstas. Mange og lange turar til lengst oppi Åmotsdal og langt innpå Heii vart gjorde vår og haust, for å hente og levere attende. Til Sommarutstillinga i 1976 blei det til dømes lånt gamal bygdekunst frå desse stadene og gardane: Øvsttveiten, Færstaul, Tveiten, Lårdal, Groven i Ytre Vinje, Langelim, Minnesjord i Flatdal, Ytre Øverland og Ytre Nes.

 

Med omsyn til lokala som kunstforeininga nytta, var kjellarhøgda på ungdomsskulen tenkt brukt til skulebibliotek, men pga. for låg takhøgde vart det ikkje godkjent. Derimot fekk kunstforeininga lov til å installere kjøkken der. Dermed kunne ein fylgje opp praksisen frå husmorlaget med å selje feitegraut, kling og vaflar. (Grauten treng ein kommentar: Mange gys når dei høyrer ordet feitegraut, men det er det rette ordet for graut kokt på smør. Den smakar om lag som rjomegraut, som er kokt på rjome. Men nokon meiner feitegraut er best.)

 

Sidan Seljord var ein av dei fyrste kunstforeiningane, og dekte eit breitt spekter innan kunst, frå ny grafikk til klassiske verk, frå sylvstas til vevnader, og fordi så mange hadde eigarskap til det som var utstilt, møtte det opp i hundretal for å sjå utstillinga. I løpet av sommaren var det fire-fem tusen gjester, og i dei beste åra endå ein god del fleire. Særleg var tilstrøyminga stor i helgene, og størst den helga Seljordspelet ‒ med lokalhistorisk innhald ‒ vart framført på Englandsletta, like bak skulen. Det var vanleg å sjå spelet før ein tok turen innom utstillinga for å sjå på både gammal og moderne kunst. Desse dagane fekk feitegrauten bein å gå på.

Men kunstforeininga var ikkje bare aktiv i skuleferiane. Som nemnt ovanfor, vart aulaen i ungdomsskulen nytta til utstillingar heile året. Mange har undra seg over at ein torde henge opp dyre og uerstattelege kunstverk i rom der ungdom gjekk ut og inn heilt utan tilsyn. Men det gjekk bra. Det skjedde aldri at elevane øydela noko som helst. Ikkje alle likte alt som hekk på veggene, men mange fekk vekt interessa si for kunst, og dei blei kjende med kunst og kunstnarar på ein måte som få andre hadde høve til. I ettertid har mange tidlegare elevar uttrykt stort takksemd for å ha vore i dette miljøet – som Sigurd Telnes skal ha æra for.

Som eit døme på korleis kunstforeininga var ein integrert del av skulen, gjekk eit større kunstprosjekt for elevane med kunstnarparet Britt og Hans Gerhard Sørensen over fleire skuledagar, og elevane fekk lære og prøve ulike teknikkar. Alle fag vart lagt til sides – truleg til stor glede for elevane. I tillegg hadde lokale kunstnarar som Terje Grøstad og Knut Flatin også temadagar for elevar ved både barne- og ungdomsskulen. I periodar kunne det mest vere uklårt kor grensa gjekk mellom skulen på den eine sida og kunstforeininga eller Folkeakademiet og Rikskonsertane, på den andre. I namnet til Seljord kunstforening vart det i alle fall halde mange tilstellingar og utstillingar året rundt med kunstnarar innanfor både ord, tonar og fargar.

Eit av resultata av det tette samarbeidet med skulen var at svært mange av elevane gjennom åra fekk arbeid på sommarutstillinga, i resepsjonen eller i kafeen. Ein periode på 1970-talet var dette ein viktig arbeidsplass for ungdom i Seljord.

Eit par representative år

 

I styreprotokollane kjem det godt fram kor aktiv Seljord kunstforening var med å halde utstillingar i denne første perioden. Det var om lag ei utstilling i månaden utanom Sommarutstillinga. Alle utstillingane opna med kulturprogram av ymse slag. Både aktørar frå Rikskonsertane og lokale kunstnarar deltok. I årsmøtereferatet frå 1974, skrive 28. februar 1975, går det fram at 17.635 personar vitja dei tolv utstillingane og dei tredve kulturarrangementa foreininga skipa til det året! Og slik var aktiviteten det fylgjande året, 1975: 

 

Januar:            Solveig Zinke-utstilling. Tekstilkunst. Opningsprogram: den russiske pianisten Valery                                 Afanasiev. 200 tilhøyrarar.

 

Februar:          Jan Petter Bratsberg-utstilling. Måleri. Opningsprogram: Åse Nordmo Løvberg og

                        Kaare Ørnung. 120 tilhøyrarar.

 

Mars:               Svallaug  Svalastoga-utstilling. Grafikk. Opningsprogram: Musikk ved trio leia av

                        Håvard Mo.

 

April:              Irena Wojnicz-utstilling. Opningsprogram: Jens Amundsen og Ellen Bojer Nordstoga.

 

April:              Alexander Schultz-utstilling. Opningsprogram: Vinje spelemannslag og Bjarne Øverbø,

                        song. 120 tilhøyrarar.

 

Mai:                 Per Palle Storm-utstilling med 53 arbeid. Opningsprogram: Øyvind Bangor.

 

Mai:                Riksgalleriet si utstilling «Norsk målarkunst frå 1800-åra». Mellom 2000 og 3000 såg    

                        denne utstillinga.

 

Juni:                Telemark Vårutstilling.

 

Juli:                 Sommarutstillinga: Harald Kihle som hovudutstillar. Markering av hans 70-årsdag med                               bokutgjeving. Opningsprogram med Ketil Bjørnstad og Sigmund Groven; Halvor og      

                        Ingebjørg K. Sandsdalen og Ellen Bojer Nordstoga. Tale: museumsdirektør Reidar      

                        Kjellberg. 450 tilhøyrarar.

 

Sommaren:     Ei rekkje konsertar og arrangement i tillegg til Sommarutstillinga.

 

September:     Eystein Sigurdsson-utstilling, «Grafikk gjennom 25 år».

 

September:     Rikskonsertane v/Rogaland teater med programmet «Alt om kjærlighet», ved Liv 

                        Dommersnes, Kjell Bækkelund og Isabel Andersson.

 

Oktober:         Knut Johannessen syner filmen «Svalbard – Eventyrøya i Arktis». 52 frammøtte.

 

Oktober:         Agnes Hiorth-utstilling, måleri. Opningsprogram: Ingebjørg og Halvor J. Sandsdalen.

                        70 frammøtte.

 

Oktober:         Liv Glaser, klaverkonsert. 110 frammøtte.

 

November:     Anne-Lise Knoff-utstilling. Opningsprogram v/ bislop F. Birkeli, Margit Skrede og Kjell                            O. Selman. 70 frammøtte.

 

November:     Professor Olav Bø, kåseri om «Draumkvedet»; song av skulesjef Eivind Øygarden.

                        50 frammøtte.

 

November:     Knut Flatin utstilling med ca. 100 arbeid. Opningsprogram m/ Den norske operas 

                        blåsekvintett. 100 frammøtte.