OPEN CALL

SOMMERUTSTILLING I SELJORD KUNSTFOREINING

 

Vi inviterer kunstnarar til å søke plass på sommerutstillinga i Seljord.

 

Kunstlåven er ein unik visningsstad for samtidskunst.

Han drivast av Seljord kunstforeining.

Kvart år arrangerar vi sommarutstilling med mål om å syne eit mangfald av kunstuttrykk av høg kvalitet.

TEMA

Temaet for årets utstilling er «DYRISK» Det er opp til kunstnarane sjølve å tolke temaet.

Vi inviterer kunstnarar med både formell og uformell utdanning og autodidaktar.

Dette gjer vi for å syne eit breitt spekter av kunstuttrykk.

LOKALET

Kunstlåven er frå 1950-talet. Han er i fire høgder med eit brutto areal på 1691 m².

Opp til 15 rom; eller om lag 1 000 m² kan nyttast til utstilling.

Sjå planteikningar på heimesida: seljordkunstforrening.org

UTSTILLINGA

Utstillinga er ope frå 25. juni til og med 24. juli og frå 15. august til og med 28 august 2022.

Henting av arbeider skjer frå 31. august.

 

SØKNADEN SKAL INNEHALDE

• Ein kort tekst om deg og kunsten din, max 1500 teikn.

• 3-5 foto av ulike arbeid, samt informasjon om storleik og materiale.

• Om arbeidene er i prosess, kan skisse/prosjektbeskrivelse leggast ved.

• Ein kort CV

• Lenke til eventuell heimeside

• Søknaden med tekst og bilete skal helst ikkje overskride 15 MB samla.

• Send søknaden til : opencall_skf @outlook.com

Seljord Kunstforeining deler i år ut eit arbeidsstipend på 15.000,- til ein av kunstnarane.

Søknadsfrist er 4. mars 2022

Vi reknar med å gi deg svar på søknaden medio april 2022.

Utstillingsopninga er 25. juni 2022.

 

Kunstnarleg råd er Ann Mari Aamot , Zoé Eskes og Silje Villhodd

 

Har du spørsmål, send mail til: opencall_skf@outlook.com