sommarutstillinga_2018_11.jpg

KUNSTLÅVEN VERT TEKEN I BRUK: 1996 - 2000

Av Peter Fjågesund

1996 skulle bli året då Seljord Kunstforening tok det store steget frå ungdomsskulen, der både Sommarutstillinga og alle andre kunstforeiningsarrangement hadde funne stad i om lag tretti år, og til Kunstlåven. Foreininga hadde fått bygget frå Telemark fylke så tidleg som i 1981, og straks gjekk ein i gang med planane om å ta det i bruk. I den fyrste fasen laga Jon Grøstad ei diplomoppgåve på arkitektstudiet om korleis låven kunne utviklast. Denne inneheldt m.a. planar om eit galleri for foreininga si faste samling. Vidare hadde Harald Kihle konkrete planar om å donere samlinga si med Guro Heddelid-motiv, slik at denne òg kunne utgjere ein del av dette faste galleriet. 

Planane blei ikkje realiserte, fyrst og fremst av økonomiske årsaker. Arbeidet med låven skulle i det heile syne seg å bli ein lengre og meir kostbar veg å gå enn ein hadde sett for seg, men sakte kom ting på plass: rømmingsveg med branntrapp på kortveggen mot vegen, fjerning av gamalt inventar, mykje av det i betong, og planlegging av korleis det mangslungne utvalet av rom skulle nyttast til heilt nye føremål. 

Tidleg på 90-talet blei det teke eit initiativ for å starte eit sjøormsenter i Seljord, hovudsakleg finansert med kommunale midlar. Mellom andre Trygve Barstad og Kenneth Bø fekk oppdraget med å realisere planane, og senteret, som var i drift i eit par sesongar, heldt til i den indre delen av i kjellaren i Kunstlåven. Frøydis Kivle hadde og ei kommunal prosjektstilling i halvtanna år for å få fart på arbeidet med Sjøormsenteret, og for å arbeide med aktivitetar som kunne få plass i låven.

 

Det store spranget 

Etter at Esbjørn Hummelgård blei vald til leiar hausten 1995 tok styret utpå vinteren den store avgjerda at ein skulle prøve å arrangere 1996-utstillinga i Kunstlåven. Og slik blei det. På ungdomsskulen hadde det kvart år etter skuleslutt vore eit par svært hektiske veker med å rigge opp Sommarutstillinga. Der fylgde likevel det meste eit tradisjonelt oppsett. I Kunstlåven måtte alt gjerast for fyrste gong, og våren 1996 blei det arbeidd eit utal kveldar og netter for å gjere så store delar av bygget ferdige som råd. Alt blei ikkje ferdig. Området i fremre delen av kjellaren, med møkk-kjellar (som enno var utømt!) og andre betongrom blei ståande unytta, og i eit av romma i andreetasjen blei det sett ei plate i døropninga med ein rundt utskore glugg i: innanfor låg ennå halvt nedrivne betongbåsar. 

Men det blei vaska og måla, og sakte om senn  blei det eine rommet etter det andre klart. Til og med den store siloen i tre etasjar blei skura og måla, og gjort klar til å bli galleri. Lillian Borchgrevink Hummelgård hadde ansvaret for den store samtidskunstutstillinga, og ho samla eit trettitals kunstnarar. Om lag ein fjerdedel av desse var lokale eller regionale; resten kom frå heile resten av landet, og inkluderte Borgny Farstad Svalastog, Magne Furuholmen, Miles McAlinden og Peter Esdaile. Desse tretti fylde store delar av bygget, men i halvparten av den store loftsetasjen, som enno hadde det gamle låvegolvet, heldt den kulturhistoriske temautstillinga om nytingsmiddel til, som var sett saman av Peter Fjågesund. Ei anna særutstilling var gouache-samlinga av ekspresjonisten Ambrosius Egedius, bror av Halfdan. Ambrosius Egedius budde fleire somrar i Bukti på Manheimstrondi, og samlinga hans av Sterke-Nils-motiv hadde ei tid tidlegare blitt gitt i gåve til Seljord Kunstforening. No blei bilda ramma inn og stilte ut for fyrste gong.

 

Etter Sommarutstillinga 1996 heldt arbeidet med å utvikle låven fram, og 1997-utstillinga blei ei storsatsing på islandsk kunst, ein idé som hadde samanheng med avviklinga av VM i islandshest på Dyrskuplassen den same sommaren. Islandske kunstnarar som var representerte var Tumi Magnusson, Sigurdur Gudmundsson, Eggert Péturson, Erro og Måfridur Adalsteinsdottir. Den islandske presidenten, Vigdis Finnbogadottir, vitja òg utstillinga. Men utstillinga inneheldt òg ei lang rekkje med norske samtidskunstnarar, samt ei delutstilling og eit seminar om døden, i samarbeid med Landstadinstituttet. I løpet av juli månad blei det i tillegg arrangert fleire konsertar på Kunstlåven, med m.a. middelalderensamblet Pro Musica Antiqua, Kalenda  Maya og folkemusikarane Tone Hulbækmo og Hans Fredrik Jacobsen. Dette året, slik som året før og nokre år til, heldt kaféen til i Misjonshuset, i påvente av at ein skulle få til ein eigen kafé i låven.

 

Fleire utanlandske kunstknarar 

1998-utstillinga, som kunne ta i bruk to nyrestaurerte rom og eit nylagt låvegolv i toppetasjen, heldt fram med endå større geografisk spennvidde. Gjennom ein treårig samarbeidsavtale med Gunnar Kvaran, direktør ved Bergen Kunstmuseum, fekk kunstforeininga til ei hovudutstilling med den amerikanske samtidskunstnaren Larry Bell, som presenterte både to- og tredimensjonale verk. Som vanleg inneheldt utstillinga òg ei lang rekkje med norske samtidskunstnarar, forutan ei retrospektiv utstilling med verk av Flatdals-kunstnarane Erlend og Terje Grøstad. Men også dette året baud Sommarutstillinga på eit kulturhistorisk tema. «Gjesten frå djupet» presenterte ikkje berre sjøormen i Seljordsvatnet, saman med ein tredimensjonal modell av heile vatnet slik det ser ut under overflata, men òg eit oversyn over den omfattande tradisjonen sjøormen står i, frå antikken og fram til i dag. Slik bygde utstillinga vidare på tuftene frå Sjøormsenteret som tidlegare hadde halde til i det same rommet, inst i kjellaren.

Og som om ikkje Larry Bell var storsatsing nok, fylgde foreininga neste år opp, framleis under leiing av Esbjørn Hummelgård, med ingen ringare enn Yoko Ono som hovudutstillar. Ho stilte ut ein serie med svart-kvitt-teikningar frå 90-talet, saman med eit såkalla «Ønsketre». Ei spanande særutstilling dette året var «Tendensar i moderne kalligrafi», organisert av Borghild Telnes. Utstillinga inneheldt meir enn seksti arbeid av til saman tjue kalligrafar, hovudsakeleg frå dei nordiske landa, men òg frå Storbritannia. Ei anna særutstilling inneheldt litografi av Reidar Fritzvold, som gjekk bort året før, og som i mange år hadde vore representert på Sommarutstillinga. Men også dette året var fleirtalet av rom fylte med norske samtidskunstnarar – femten i talet – og mellom dei Hanne Borchgrevink, Ingunn van Etten, Håkon Gullvåg, Eli Hovdenakk, Steinar Klasbu og Benthe Norheim, sistnemnte med ein stor skulptur som med mykje slit fekk plass i siloen, der det nå hadde kome dør inn frå kjellarplanet.

Sjølv om Yoko Ono sørgde for at Sommarutstillinga og Seljord kunstforening fekk ein god del merksemd, var det likevel småtteri mot det som fann stad året etter. Med den noko akademiske temaformuleringa «Postmoderne ambivalensar» satsa ein sommaren 2000 nok ein gong på ein internasjonal hovudutstillar, denne gongen den russiske og internasjonalt kjende multimediakunstnaren Olga Tobreluts, som med dei postmoderne ikonliknande bilda sine vart sett opp mot ei utstilling av tradisjonelle russiske ikonar. 

Det var likevel ikkje dette som skulle skape presseoppslag, men snarare den norske kunstnaren Morten Viskum, som med sine provoserande verk, som m.a. inneheldt rotte- og kattefoster på formalin, førte foreininga inn i ein konflikt med den politiske leiinga i kommunen, som på bakgrunn av eit oppslag i Vest-Telemark Blad truga med å trekke støtta dersom ikkje Viskum vart fjerna. Konflikten skapte oppslag i rikspressa – inkludert ei heilside i Dagbladet av Harald Flor – og foreininga arrangerte ein stor debattkveld på Granvin der ordførar og varaordførar stilte opp til ein diskusjon om ytringsfridom og prinsippa kring offentleg kulturstøtte. Det folkelege engasjementet var òg stort; nokre melde seg ut av foreininga, og andre melde seg inn. Ei underskriftsliste mot Viskum sin kunst samla 400 underskrifter. 

Saka enda med at kommunen likevel heldt fram med den økonomiske støtta, men mange meinte nok at dette var slutten på Sommarutstillinga, og kanskje heile Seljord kunstforening. Seinare same året skreiv òg ein av styremedlemmane, Peter Fjågesund, ein oppsummerande artikkel om saka i Vi ser på kunst, tidsskriftet til Norske kunstforeninger. Med denne utstillinga ga Esbjørn Hummelgård seg som leiar, og foreininga gjekk etter dette bort frå den internasjonale satsinga som nok skapte merksemd og engasjement, men som òg hadde vore ei belasting på foreininga sin økonomi.

Knut Ansgar Skrede, sentral bidragsytar gjennom mange år og leiar i byggnemda, framfor låven før ombygginga