NY SATSING: 2006 - 2018

Av Karete Roksvåg

 
f63bbeaeded0cdfe0ce92454300f198f21ae58c1

Treårig prosjektperiode 2009-2011

Det iherdige dugnadsarbeidet var ei avgjerande drivkraft for Seljord kunstforening og den store Sommarutstillinga gjennom mange år. Slik var det òg i dei åtte åra Borgny Tøfte var leiar, fram til 2009. Etter kvart viste det seg likevel å vere stadig vanskelegare å basere så mykje av drifta på frivillig arbeid. Årsakene til dette både var og er samansette, men endringar i folk sin kvardag må nok sjåast som ein viktig faktor. Folk har det travelt og er i tidsklemme, og lysta og høvet til å drive frivillig arbeid har gradvis blitt mindre.

Seljord kunstforening var i mange år eit av få galleri i Vest-Telemark, men etter kvart kom det òg andre utstillingar, galleri og kulturaktørar som tok opp konkurransen om kulturtilboda i distriktet. Eit stadig meir profesjonalisert kunstfelt blei merkbart på mange måtar, òg for vesle Seljord og kunstforeininga, som opplevde framveksten av store regionale kunstsenter og kunsthallar, prioritering av prosjektbasert støtte framfor faste driftsmidlar, og kuratorverksemd. Seljord kunstforening såg det difor som naudsynt å endre og fornye seg, i takt med desse endringane, og finne andre måtar å arbeide på.

I 2008 blei det sendt inn ein søknad om såkalla vidareutviklingsmidlar til eit treårig prosjekt, der målet var å profesjonalisere drifta, både fagleg og administrativt. Ved å legge til rette for samarbeid mellom kunstnarar, kunsthandverkarar, institusjonar og lag i Seljord og i regionen, var intensjonen å utvide verksemda til heilårsdrift, og å etablere eit grunnlag for kulturbasert næring, men for å oppnå dette måtte foreininga opprette ei 100% stilling. Søknaden gjekk gjennom, og Telemark fylkeskommune og Seljord kommune finansierte saman med Seljord Sparebank delvis ei full stilling i tre år. 

 

Tre travle år

Fyrste året var stillinga fullfinansiert, deretter blei støtta gradvis trappa ned. I 2009, som var det fyrste året, blei Thomas Kintel tilsett i denne stillinga, men då han sa opp etter kort tid blei ho fordelt mellom tre tilsette med ulike ansvarsoppgåver. Karete Roksvåg var tilsett i 50% stilling som sekretær/kulturarbeidar, men gjekk etter kvart over i ei 70% stilling som dagleg leiar. Dåverandre styreleiar Borghild Telnes vart lønna, først i 40%, deretter i 30% stilling, og kunstnarisk leiar Torhild Grøstad i 10% stilling.

I desse tre åra var det heilårsdrift og stor aktivitet i Kunstlåven, trass i nedtrappinga av støtta. I tillegg til den årlege Sommarutstillinga, arrangerte kunstforeininga temautstillingar, vandreutstillingar og separatutstillingar. Blant desse var Telemarksutstillinga, juleutstillingar, vandreutstillinga «Hommage á Iver Jåks», og separatutstilling med notoddenkunstnaren Steinar Klasbu (1947–2017). Målsettinga med utstillingane var, som i tidlegare år, å vise norsk samtidskunst av høg kvalitet, med eit særleg fokus på å spegle breidda og mangfaldet som finst i kunstnariske uttrykk på kunstscena i samtida. Gjennom «Den kulturelle skulesekken» blei det òg lagt til rette med formidlingsmateriell og omvisingar for barnehagane og skulane i Seljord.

I tillegg til utstillingsverksemda blei det utvikla og sett i verk ulike kulturtilbod i samarbeid med kommune, skule, lag og foreiningar i Seljord. Kulturtilboda var retta mot ei brei målgruppe, alt frå barn til eldre, og var spreidd jamt ut over året. Nokre av desse var kunstforedrag (av kunsthistorikarar som Jan Kokkin og Gunnar Danbolt), studiesirkel i kunsthistorie, workshops for arkitektstudentar frå Milano, kurs og verkstadarbeid for born og vaksne, filmklubb med framvisingar kvar veke, sommarkonsertar, bokkveldar, sogevandringar (36 i talet, med Sigurd Telnes i spissen som ihuga formidlar), poesivandringar, loppemarknad og kafédrift i Kunstlåven. Viktige samarbeidspartnarar knytte til desse tilboda var m.a. Notodden kommune, Seljord Sparebank, Seljord mållag, Seljord folkeboksamling, Seljord og sogene, Seljord sogelag, Nasjonalt Landstadsenter, Seljordspelet, Seljord Hotell, Møtestad Seljord, Nutheim gjestgiveri og Dyrskun, forutan skular og barnehagar i Seljord. Programmet var både ambisiøst og krevjande (og nok til å ta pusten frå lesaren her), men publikummet som nytta seg av tilboda var svært positive.

Sommarutstillinga heldt fram med å trekkje store namn også i desse åra. Med tittelen «Arvesyn» i 2009,  med Borghild Telnes som ny styreleiar, låg fokuset på kunstnarar som let seg inspirere av den norske kulturarven. Kari Steihaug, Liv Mildrid Gjernes, Siri Berqvam, Johannes Vemren Rygh, Sverre Malling, Steinar Haga Kristensen, Jon Gundersen og Løvaas & Wagle var nokre av namna blant dei sytten kunstnarane som stilte ut dette året. 

I 2010 baud Sommarutstillinga på to vandreutstillingar: «Bending Water» frå Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design med eit todelt og storslege videoverk av Sven Påhlson, og «Strikk – masker i samtidskunsten» frå Norske kunstforeninger, med tekstilarbeid av Kari Steihaug, Kjersti G. Andvig, Maria Brinch, Siri Berqvam, Margareta Bergmann og Liv Reidun Brakstad. Seksten norske samtidskunstnarar representerte den øvrige delen av utstillinga, og nokre av desse var Marit Benthe Norheim, Viel Bjerkeset Andersen, Gunnhild Bakke, Gunhild Vatn, Per Dybvig, Nils Martin, Espen Dietrichson og Nils Olav Bøe. 

Tema for Sommarutstillinga 2011, under styreleiar Hilde Fjellheim, var «Eventyrleg», og viste verk av ni norske samtidskunstnarar og tre tradisjonshandverkarar. Blant desse var Johannes Høie, Philipp Dommen, Oddleiv Aspeseth, Kjell Erik Killi Olsen, Anna Talbot og Anita Killi. Særutstillingane «Himmelrikets blomstrer gror», med monotypiar av Borgny Svalatog, og bunadsutstillinga «Troll til kjerringer», sett saman av bunadsekspertane Marit Rysstad Bergland, Ingrid Dillekås Adelsøn og Liv Berit Kaasa, blei òg viste som delar av Sommarutstillinga.

Sjølv om kunstforeininga i desse åra hadde betalte stillingar, var dugnadsinnsatsen stadig omfattande, og ein kunne vanskeleg ha klart seg utan. Her må nok ein gong Knut Ansgar Skrede nemnast. Han la ned eit mangeårig engasjement som altmuligmann, var aldri vond å be, og sette velvillig opp både vegger og dører i Kunstlåven, isolerte delar av bygningen og reparerte kledning, ofte med eigne materialar og utstyr. Johannes Hovda gjorde òg ein omfattande innsats for at viktige prosjekt i samband med sommarutstillingane blei fylgde opp og fullførte, i tillegg til rolla han hadde gjennom mange år i husnemnda, saman med Philipp Dommen. I åra mellom 2010 og 2013 representerte Gunnar Torvund, Arne Svalastog og Torhild Grøstad det kunstnariske rådet. Arbeidet dei la ned for å førebu og sette opp sommarutstillingane var omfattande, og heilt avgjerande for kvaliteten på det publikum fekk sjå i dei mange romma.

 

Tilbake til Sommarutstillinga

Trass i den høge aktiviteten i Kunstlåven gjennom desse tre åra, og trass i høg dugnadsinnsats, viste det seg å vere vanskeleg å tene pengar. Dette var inga stor overrasking, sjølv om det nok var eit stort vonbrot for alle med kjærleik til og engasjement for kunstforeininga. Eit raskt blikk i retning av andre kunstforeiningar og galleri i Noreg viser at det er få som klarar seg utan ei form for fast støtte frå fylke, kommune eller næringsliv. Sal av kunst og formidling av kunst er generelt sett ei svært usikker inntektskjelde, som ein vanskeleg kan basere seg på i eit budsjett. I 2011, som var siste året i prosjektperioden, der støtta gradvis blei trappa ned, såg difor foreininga det som naudsynt å redusere på aktiviteten og stillingsprosenten. I 2012 var kunstforeininga difor tilbake til å drive med «bare» Sommarutstillinga. Den treårige prosjektperioden viste likevel kor viktig det var å ha tilsette med kompetanse og tid til å drive og utvikle utstillinga vidare i samarbeid med styret og det kunstnariske rådet. Dermed blei det oppretta ei 20%-stilling som dagleg leiar for Sommarutstillinga, som høvesvis Karete Roksvåg og Katrine Kildal hadde fram til 2016. Frå 2013 gjekk denne stillinga over til eit engasjement med eit fast honorar, ei ordning som framleis står ved lag i 2018.

 

Sommarutstillinga 2012, «Eplet og stammen», med Katrine Kildal som leiar, skilde seg ut både i høve til talet på kunstnarar og val av tema. Familie blei vald som kuratorisk grep, og viste verk av til saman sjuogtjue norske kunstnarforeldre og deira born. Blant desse var Kjersti, Kristin, Heidi og Stine Wexelsen Goksøyr, Vanessa og Maureen Baird, Elise Storsveen og Jon Gundersen, Hilde Vemren, Magne Kolbjørn Rygh og Johannes Vemren Rygh, Hanne Borchgrevink, Tore Hansen, Johannes og Hans Kristian Borchgrevink Hansen, Sigrun Grøstad og Ånond Versto, Miles McAlinden, Unn Sønju, og Mikkel og Sunniva McAlinden. Det var mildt sagt ei spesiell stemning i Kunstlåven denne sommaren, som skapte gode minne både for kunstnarane som deltok, tilsette og frivillige som samarbeidde tett med dei, og for publikum.

 

Utstillinga i 2013 hadde «Leik» som både tittel og tema, og viste verk av sytten samtidskunstnarar. Nokre av desse var Hans Martin Øien, Kristoffer Myskja, Bjørn Bjarre, Gunnar Torvund, Leonard Richard, Erlend Leirdal, Elisabeth von Krogh, Kristine Sandøy og Sigbjørn Bratlie.

 

I 2014 byrja kunstforeininga, med den nye leiaren Pål Witczak, ei ny ordning med to ambulerande kunstnariske råd som ansvarlege for kurateringa av Sommarutstillinga. Denne ordninga erstatta den mangeårige tradisjonen med eitt kunstnarisk råd. Grunngjevinga for den nye ordninga var eit ynskje om å fornye og utvikle Sommarutstillinga og å skape nye publikumsgrupper, samtidig som at kunstforeininga ynskte å halde på noko av det unike ved tradisjonen. Denne ordninga gjorde òg at det store arbeidet med Sommarutstillinga blei meir overkommeleg, med omsyn til både tid og arbeidsoppgåver. Dei to kunstnarpara Gunnar Torvund og Kristine Brodersen, og Torhild Grøstad og Philipp Dommen heldt fram med å prege Sommarutstillinga annakvart år, medan det nye rådet, som var sett saman av Ånond Versto, Ellen Henriette Suhrke og Øystein Wyller Odden, representerte den yngre generasjonen av kunstnarar. 

Det «unge» rådet var fyrst ute i 2014 med utstillinga «Skjønne sjeler», som var ei utforsking av det romantiske og lengtande med utgangspunkt i både eldre kunst, folkekunst og samtidskunst. Nokre av kunstnarane som var representerte i utstillinga var Harald Kihle, Terje Bergstad, Henrik Sørensen, Ambrosius Egedius, Guttorm Guttormsgaard, Ludvig Eikaas, Vebjørn Guttormsgaard Møller, Andrea Bakketun, Janna Thöle-Juul og Dillan Marsh. I tillegg baud utstillinga på bygdekino med aktuelt filmprogram og ein pirat-radiostasjon som var tilgjengeleg for nærmiljøet. 

I 2015 sto Torvund, Grøstad, Brodersen og Dommen på nytt bak utstillinga, som fekk tittelen «Skjør». Intensjonen med utstillinga var å skape eit tidsbilete av verda slik mange kan oppleve ho, som pressa og skjør. Svein Flygari Johansen, Espen Røise, Stine Gonsholt, Kjell Rylander, Georg Debreczeny og Åse Ljones var nokre av kunstnarane som bar denne utstillinga. Dette var òg det fyrste av to år der Torild Grøstad var styreleiar.

Prinsippet med å betale utstillingsvederlag til kunstnarane som blir inviterte til Kunstlåven har blitt halde høgt, og sjølv om summen med åra blei sterkt redusert, har dette vore ein symbolsk gest og verdsetting som kunstnarane har sett pris på. I åra frå 2010 blei det meir vanleg å finansiere delar av kunstutstillingar gjennom prosjektmidlar. Slike midlar blei ofte søkte om og gjevne i samband med produksjon av enkeltverk til Sommarutstillinga, særleg til siloen, eit rom som skil seg ut med unike moglegheiter i det store bygget. Slike prosjektmidlar blei ei viktig anerkjenning av kunstnarane som gjennom ulike kunstprosjekt førte noko heilt unikt til Sommarutstillinga. 

I 2016 fekk Sommarutstillinga med prosjektet «Skumringssoner» 150.000 kroner frå Norsk kulturråd. Dette gjorde arbeidet med utstillinga langt enklare, og ikkje minst var det ei viktig anerkjenning til både kunstnarar, utstillinga, det kunstnariske rådet og kunstforeininga, noko som òg blei lagt merke til i media og i pressa. I Dagbladet blei utstillinga tilrådd som nummer ein av utstillingar publikum burde få med seg gjennom sommaren dette året av kunstkritikar Arve Rød. Det «unge» kunstnariske rådet var stolte kuratorar bak, og det tematiske utspringet for utstillinga var ei undring over korleis kunsten kan framstå som ei tidsmaskin som kan opne portalar til ulike fortider og framtider. Viktige kunstnarar som var med dette året var Ingrid Torvund, Serina Erfjord, Cecilia Johnson, Mikael Øye Hegnar, Eirik Senje, Hilde Skevik og Kaia Hugin.

Så, i 2017, under styreleiaren Jeanne Marie Schoenwandt, valde det kunstnariske rådet seg temaet «Spor», som resulterte i ei vakker og publikumsvenleg utstilling som var sett saman av verk innan eit breitt spekter av teknikkar. Det er òg interessant å merke seg at rekkja av namn på kunstnarane som var med å skape utstillinga viser korleis norsk samtidskunst i aukande grad òg er global samtidskunst, produsert av kunstnarar med ein langt meir variert og samansett bakgrunn enn for berre få år sidan: Ellen Karin Mæhlum, Terje Roalkvam, Shwan Dler Qaradaki, Jadwiga Podowska, Marit Lyckander, Martine Linge, Kristin Skrivervik, Bente Sætrang, Ingrid Haukelidsæter, Åsmund Haukelidsæter, Vanna Bowles, Mandana Moghaddam, Andrea Lange og Bertil Greging.

Frå Skjør, sommarutstillinga i Seljord Kunstforening 2015, verk av Ingun Bøhn «DU GÅR, MED BANKANDE HJARTE, I DEN STORE SNØEN»,