seljord-foto-per-roger-lauritzen.jpg
 

OM SELJORD

KUNSTFORENING 

Seljord Kunstforening og Kunstlåven er ein unik visingsstad for samtidskunst. Kvart år skipar me til sommarutstilling der målet er å syne eit mangfald av kunstuttrykk og av høg kvalitet. 

Me arbeider for å ta vare på og auke interessa for god kunst og godt kunsthandverk og vi freistar å fremje det beste i bygdekulturen gjennom utstillingar og programopplegg retta mot ulike publikumsgrupper, inkludert barn og unge.

HISTORIKK

Seljord kunstforening (SKF) vart stifta i 1968. Formålet femna vidt. Foreininga skulle både skipe til utstillingar av samtidskunst og arbeide for å styrkje og ta vare på ulike uttrykk innan handverk, musikk, dikting, segn og soge. Kunstforeninga har soleis vore ein viktig kulturberar for litteratur, musikk, bildande kunst og lokal kultur gjennom alle år med mindre utstillingar og kulturtilstellingar.

 

DEI FYRSTE ÅRA

Sigurd Telnes, rektor ved Seljord ungdomsskule, vart vald som fyrste leiar. Alle somrar frå 1968 og fram til 1990, vart ungdomsskulen omskapt til galleri for samtidskunst og utstillingsrom for bygdekunst og handverk. Sommarutstillinga var eit banebrytande grep for foreininga. For kulturlivet i Noreg var somrane på 1960-talet ei ferietid med få kulturtilbod. Utstillinga vart snart eit omgrep kjent av både kunstnarar og publikum langt utanfor Seljord. Gjennom året elles fekk ungdomsskuleelevane og - bygdefolket høve til å oppleve kunst av dei fremste kunstnarane i landet. Blant anna ved samarbeid med Riksutstillingane og Folkeakademiet. 

Elisabeth-von-Krogh-og-Tore-Aarholt.jpg

KUNSTSAMLINGA

 

Allereie frå skipingsåret i 1968 byrja arbeidet med å byggje opp ei fast kunstsamling. Samlinga tel i dag vel 550 nummer med måleri, grafikk og skulpturar; kjøpt inn frå kjende kunstnarar som har stilt ut hjå oss. Delar av samlinga er utlånt til kommunale bygg, så som skular og offentlege kontor.

 

Vi skipar også til utstillingar frå vår eiga samling med bestemte tema både i samband med kulturkveldar, men også til undervisningsbruk i ungdomsskulen. Alle seinare styre og leiarar av SKF har i stor grad arbeidd etter dei same retningslinene, men sjølvsagt med visse endringar over tid.

KUNSTLÅVEN

Kunstforeininga hadde gode vilkår i ungdomsskulebygget, men ønsket om eige bygg var sterkt. Då næraste nabo til ungdomsskulen, Seljord husmorskule, vart nedlagd, gjekk det berre eitt år før det vart skrive kontrakt mellom Telemark fylkeskommune og Seljord kunstforening om overtaking av driftsbygninga ved Seljord husmorskule. 

 

Kunstforeininga overtok tidlegare driftsbygning på Seljord husmorskule og revitaliserte ho under namnet Kunstlåven, på 1990 talet. Romma har si opprinnelege form og har framleis same nemning, så som silo, hønsehus, grisehus, stall, høyrom osv. Kvart rom er unikt både i høve til utforming, storleik, lys og material. Det gir både utfordringar og moglegheiter, men ikkje minst – eit stort særpreg som kunstnarane finn spanande å arbeide med og i. Romma er avgrensa i høve til kvarandre, slik at kunstnarane får stor fridom og er ikkje avhengig av å rette seg etter kunstverket i naborommet. 

 

Med støtte frå Norsk kulturråd, Telemark fylkeskommune, Seljord kommune, eigne midlar frå loppemarknad og sal av kunst og masse dugnadsarbeid makta kunstforeininga å oppgradere bygninga med toalett, kafé og kjøkken våren 2006. 

 

PLANTEIKNINGAR

 

Bygninga er frå 1950-talet. Ho er i fire høgder med eit brutto totalareal på 1691 m². 15 rom, om lag 1 000 m² kan nyttast til utstilling.

Fra Leik, sommarutstillinga i Seljord Kunstforening i 2013, verk av Elisabeth von Krogh og Tore Aarholt

STYRET 2021

 

Styreleiar

 

Dag Feldborg 

Styremedlem

Håkon Telnes Fjågesund

Kaisa Breiland Waldenstrøm

Johannes Vemren Rygh

 

Varamedlem

Silje Villhodd

 

Facebook: @kunstloven

Instagram: @kunstlaaven

 

SELJORD KUNSTFORENING / KUNSTLÅVEN  

Brøløsvegen 4

3840 Seljord

 

Epost: seljordkunstforening@gmail.com

Tlf: 936 37 965 (Dag Feldborg, styreleiar)

 

Me sett stor pris på våre samarbeidspartnerar: