SELJORD KUNSTFORENING / KUNSTLÅVEN
Brøløsvegen 4
3840 Seljord
Epost: seljordkunstforening@gmail.com
Tlf: 411 39 176 (Tone Henriette Sætervang, styreleiar)
OPEN CALL- Sommarutstillinga, Seljord Kunstforening 2023
KVINNEMYTEN
«Gudinne», «Girly», «Ladylike», «Urkvinne», «Mor».
«Eggstokkrasling», «Tander», «Omsorgsfull», «Revolusjonær», «Staut».
«Flink pike», «Catfight», «Hengiven», «Muse», «Kjerring».
I denne utstillinga skal vi formidle «MISS»story i «HIS»story ; Kvinna si historie i ei mannsdominert kunstverd.
Seljord Kunstforening og Kunstlåven er ein unik visningsstad for samtidskunst. Kvart år arrangerer vi sommarutstilling der målet er å syne eit mangfald av kunstuttrykk med høg kvalitet.
Vi ønsker alle kunstnarar, med eller utan formell utdanning, velkomen til å søke på vår OPEN CALL for sommarutstillinga 2023 i Seljord Kunstforening!
Seljord Kunstlåve har totalt over 1000 m2 utstillingsareal og består av 15 rom som varierer i storleik frå 15m2 til 150m2.
Vi jobbar mot at kvar kunstnar skal få sitt eige rom.
Dette er ein unik sjanse til å få stilt ut mange verk!
Sjå planteikningar på heimesida: seljordkunstforrening.org
Kunstnarane som blir valt ut til utstillinga står i år sjølv for opphenging/montering.
Du kan søke ved å sende ein kort tekst, maks 1500 teikn om deg og kunsten din, CV og minst 5 bilde i god kvalitet av dine verk samla i ei PDF fil til: opencall_skf@outlook.com
Legg og ved link til eventuell heimeside el.l og skriv kor stort rom du ønsker deg. Skriv og litt om korleis din kunst famner temaet «Kvinnemyten»
Søknadsfrist er 1 mars 2023.
Kunstnarar som blir vald ut får svar i veke 15.
Utstillingsopninga er den 24 juni 2023.
Kunstnarisk Utval i år er Zoè Eskes og Silje Villhodd.
Ved spørsmål:
Send mail til: opencall_skf@outlook.com
.
.
.
.
