GUNNAR TORVUND TIL MINNE

(1948 - 2019)

M_MINNEORD_Gunnar-Torvund_1948–2019_Hovu

Gunnar Torvund, Hovud på veg (1980). Foto: Morten Thorkildsen / Nasjonalmuseet

Ein stor kunstnar, inspirerande kollega, god og trufast ven har gått bort. Gunnar Torvund kom frå Jæren til Kviteseid tidleg på 70-talet og budde der frå den tid, først i Brunkeberg sidan ved Spjotsodd.

Som kunstnar vart han banebrytande og landskjend for sitt sterke og poetiske formspråk. Han debuterte på Haustutstillinga i 1971 med «På flyplassen – eg vil heim», og markerte seg sterkt med denne skulpturen.

Gjennom sitt mangeårige engasjement i Seljord kunstforening har han og bidratt i nærmiljøet til å lyfte andre kunstnarskap fram, og til å sette Vest-Telemark på kartet i samtidskunstfeltet.

Diktet Bryllaupssong til Jade og Rav, skrive av Helge Torvund, samanfattar Gunnars kunstnarlege virke på ein heilskapleg og vakker måte. Det blei publisert i Seljord kunstforening sitt jubileumsskrift i høve 50-års jubileet i 2018.

Gunnar Torvund vart stedt til kvile på kyrkjegarden ved Kviteseid gamle kyrkje 24.oktober.    


Kvil i fred kjære Gunnar!


Vener, kollegaer og styret i Seljord kunstforening