SELJORD KUNSTFORENING / KUNSTLÅVEN
Brøløsvegen 4
3840 Seljord
Epost: seljordkunstforening@gmail.com
Tlf: 411 39 176 (Tone Henriette Sætervang, styreleiar)
Sommarutstillinga 2021: 03. juli - 01. august 2021
BRESTE ELLER BERA!
BRESTE ELLER BERA! - eit grenseoverskridande KUNSTprosjekt om ballongar, mot og overmot, berekraft i går og i dag, by og land, Paris og Seljord.
Kunstlåven i Seljord, 3. juli – 1. august 2021
Ope kvar dag kl 11.00 - 17.00
Sjå for deg Seljord 25. november 1870. Det er vinter og kaldt. To franske militære kastar seg ut av ein luftballong og landar på Seljord-sida av Lifjell. I 13 timar har dei stått trongt saman, livredde i ei lita flettakorg, før dei endeleg tok valet om å kaste seg ut.
Den utrulege historia er utgangspunkt for sommarutstillinga Breste eller bera! Ver budd på aha-opplevingar og overraskingar når fire samtidskunstnarar, ein radiojournalist og fleire med, tolkar den dramatiske hendinga.
To store kunstnarar med nær tilknyting til kunstforeiniga har gått bort etter siste sommarutstilling. Gunnar Torvund døydde 14. oktober 2019; Guttorm Guttormsgaard 10 dagar seinare. To rom er via deira arbeid og kunstnarskap.
I underetasjen står Bricolage-rommet ope for barn og unge og deira fantasi og skaparkraft. «Man tager hvad man haver» er motto for rommet.
Kvar helg vekslar det mellom foredrag og workshop, ope for barn, unge og vaksne.
Velkommen på utstilling!
Gratis inngang for barn og unge til og med 16 år
Inngang vaksne: 150 kr
Inngang medlem: Gratis
UTSTILLARAR:
Line Berget
Øyunn Hustveit
Kristin Lindberg
Anne Siv Falkenberg Pedersen
Geira Auestad Woitier & Yves Preel
Tine Eide
Guttormsgaard ARKIV
3.klassingar frå Seljord barneskule
WORKSHOP- OG FOREDRAGSHALDERAR:
Forfattar Tommy Sørbø
Forfattar Halvor Kleppen
Førstekonservator Ketil G. Andersen
Biletkunstnar Kari Steihaug
Biletkunstnar Zoe Eskes
Tatersløydar Mariann Grønnerud
Karl Ivar Grundeland og Ellen Lisbeth Førland
Utstillinga er kuratert av Anne Ingeborg Biringvad i samarbeid med Dag Feldborg